Tannlegespesialistar
Vi har ledig inntil to 100 % stillingar som tannlegespesialistar ved TkVestland si nye avdeling ved Førde tannklinikk.
Førde, som er knutepunktet i Sunnfjord kommune, er den største byen i gamle Sogn og Fjordane, no Vestland Fylke, og ligg ein tre timars køyretur frå Bergen. Sentrum er omringa av nydelege naturområde med nærleik til både fjell og fjord. Det er flotte langrennsløyper, Sunnfjord skisenter og Jølster skisenter med kort køyretid frå sentrum. Flotte toppmoglegheiter, nytt klatresenter, gode idrettsmiljø der volleyball står spesielt sterkt i byen. Førde er ein by med stor utvikling og har alt av urbane tilbod med kultur, restaurantar, kafear, butikkar og kjøpesenter. Det er og sjukehus i Førde.
Førde tannklinikk har 6 allmenntannlegar, tre tannpleiarar, og seks tannhelsesekretærar. Vi flytta inn i nye moderne lokale i 2023, der vi har laga ei eiga avdeling som er tiltenkt spesialistar. Avdelinga er ei underavdeling av TkVestland og vil difor vere knytt opp fagleg til spesialistklinikken i Bergen. TkVestland søkjer difor etter inntil 2 heile stillingar som tannlegespesialistar som kan arbeide ved avdelinga i Førde. Alle odontologiske spesialitetar er velkomne til å søkje.
TkVestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg.
TkVestland tilbyr spesialisttannhelsetenestar til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert ved TkVestland og eit viktig mål er at resultata kjem tannhelsetenesta og dermed pasientane til gode. TkVestland utfører undersøking og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikkar, samt verksemd som rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.
Søknadsfrist: 31.10.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Førde,
Stillingstittel: annlegespesialistar
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4809287717
Arbeidsoppgåver
Som tannlegespesialist ved kompetansesenteret arbeidar du med pasientar som er tilvist for vurdering og behandling hjå spesialist. Mange av pasientane som er tilvist treng tverrfagleg vurdering og behandling hjå fleire tannlegespesialistar, og som spesialist ved TkVestland har du ei viktig rolle i dette arbeidet.
Det vil og inngå i arbeidsoppgåvene å ta del i verksemd som kompetansehevande tiltak og eventuelle andre oppgåver som er i tråd med samfunnsoppdraget til kompetansesenteret.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk godkjenning som tannlegespesialist.
Det er ynskjeleg med relevant arbeidserfaring som spesialist.
God evne til formidling.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Dei som skaI tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer sjølvstendige, ansvarsbevisste og initiativrike medarbeidarar med gode samarbeidsevner som kan fungere godt i eit tverrfagleg miljø.
Personleg egna, evne og vilje til å arbeide i tverrfaglege team vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Ein spennande og utfordrande jobb. Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anne Marit Graue, klinikkleiar
Telefon:+47 9306 1996
Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse
Telefon:+47 980 12834
Førde tannklinikk, Langebruvegen 76, 6800 Førde, Norge